torsdag 8. mars 2012

Oppg. C

Den høge mørkhåra guten kjem inn 5min før timen begynn. Han er nokså blek i det han kjem inn i rommet med musikk på øra. Han tenkjer på fotballtreninga han skal på seinare og sjølvsagt bandykølla si. Han set seg ned og er snill med klassekameratane.  

Jesper & Einar

mandag 5. mars 2012

Oppgåve b)

a)
Mikal er svært interessert i musikk:

Kvar dag går Michael den 20 minutt lange vegen hem ifrå skulen, med Ipoden på fullt volum. Han tilpassar tempoet i forhold til takta på musikken. Når han omsider kjem heim, spring han opp på rommet og sett seg på sengekanten med gitaren i fanget. Der kan han sitte i fleire timar utan og gjere noko som helst anna.


c)
Pizzaen smakte godt:

Eg tok eit tygg av maten min. Det første som slo meg var ein herleg smak av oregano og ost. Seinare slo kjøttdeigen inn før eg til slutt sende maten vidare i fordøyelsen.


Av Jesper & Einar

fredag 2. mars 2012

Augneblunkar 1

På buss nr 66 eg sit og over kneisa vi kjem. Langt ute i horisonten ligg Moholt Studentby der det utruleg nok ikkje står eit menneske, det sit 2. På bussholdeplassen stoppar vi, og inn i bussen vaglar 2 papegøyar av nokre fossil. Bussen var full men på grunn av inkompetente medpassasjerar som reiser seg for eldre, ender dei gamle damene opp bak ryggen min. Og i veg som vi køyrer kaklar dei i same tempo. Symaskin, kamferdrops og sviskekompott var blant anna verdensproblemene denne gongen. Ikkje optimalt å avslutte ei slitsam veke med å vere utlerd i undertråd. Takka vere moderne bussar som har ein høgare fart enn dei gamle, rakk eg akkurat å ikkje få med meg oppskrifta på kamferdrops.



Av Jesper & Einar